Kontakt: Ivar HaugeE-mail:
Treningslokale:
Kastmiljø og Leif Apneseth.I starten var kastmiljø og vektløftarmiljø om lag det same i Førde og Florø. Sleggekastaren Magne Føleide i Florø var med og la til rette for vektløftinga. Sleggekastaren Ove Farsund og diskoskastaren Øystein Bjørbæk, som begge var landslagsaktuelle i sine øvingar, deltok også aktiv som vektløftarar. Men også løftaren Leif Apneseth var viktig i oppstarten. Saman med unge gymnasiastar i Førde trente han ein periode på scena i gymnastikksalen på Førde Barneskule.Pressvending og styrkerykk var nok like viktig som rykk og støt i denne tidlege perioden, så det var nok så som så med sjølve vektløftarteknikken.Men dei første gode resultata skulle komme eit tiår seinare.Naustedølene kjem.Vektløftinga som starta i Førde skal i løpet av det neste tiåret flytte seg sakte utover fjorden. På slutten av 70 talet kom Naustdølingane til Førde og tok til å trene der med brødrene Magn og Hjalmar Nes og Gunnar Reiakvam i spissen. Seinare følgde brødrene Håvar og Odd Gunnar Røyseth samt Stian Grimseth på.
Haugeepoken.Tidleg på 80 talet starta det vi kalla Haugeepoken i Førde IL. Sentral leiar, trenar og aktiv løftar i denne perioden var Ove Varlid. Med brørne Ivar og Bjarte Hauge hevdar vektløftarane frå Førde seg i toppen både i Norge og Norden. Ivar var nordisk meister for junior fleire gonger. Og begge var norske meistrar. Utan tvil var desse brørne to av dei største vektløftartalenta Norge så langt hadde sett. Ivar presterte 135 – 165 allereie som ungdom i 82 kg klassen! Dei deltok også internasjonalt for Norge. Første gong i verdsmeisterskapen i Athen i 1988. Begge var sjølsagt sjangselause mot dei beste austeuropearane. Men det var likevel ei stor erfaring å få med seg for to ungdomar frå Førde. Nokså imponerte var dei over forhold som var litt annleis enn i Førde.I følge lokalavisa Firda var det: Konferansar og middagar, fjas og mas stort sett heile tida. – Til og med resultatlista kom i skinninnbunden utgåve kan ein imponert Ivar Hauge fortelje på telefon frå Athen.Ivar fortel at dei beste resultata dei oppnådde var for hans eigen del 145 – 175, og stort sett litt tyngre Bjarte oppnådde 1454 – 177.Ivar Hauge, beste vektløftaren i Førde IL vektløftargruppa si historie. Truleg også ein av dei få vektløftarar som har fått ein fylkeskulturpris. Ivar fekk den for i tillegg til å vere ein framragande vektløftar også var ein framifrå utøvar på hardingfele.Ringen slutta førebels.Tyngdepunktet for vektløfting flytta seg i 1993 til Naustdal. Då vart vektløftargruppa i Tambarskjelvar Idrettslag starta. I mange år var det ingen som løfta aktivt for Førde IL. Likevel kan ein kanskje seie at ringen på sett og vis er slutta i og med at han som var første leiaren i 1973, Tom Farsund, dei siste åra har delteke aktivt som veteran, og som einaste aktive løftaren frå Førde IL.
Førde 4.oktober 2005 Ivar Hauge og Tom Farsund
© Norges Vektløfterforbund | Postboks 26 Fantoft, 5899 Bergen | Tlf: 480 42 210 | Epost: vektlofting@nif.idrett.no
© 2011 - Utviklet og driftet av Emergeit, i samarbeid med Apasje og Bayonette for Norges Idrettsforbund