Historie fram til 2005
v/Gunnar Reiakvam
Tambarskjelvar IL feira i år 100 års jubileum. Da er eit av dei eldste idrettslaga i Norge. Den fyrste idrettsgreina laget dreiv med var turn!! Sidan vart det starta fleire grupper som ski, friidrett, fotball og volleyball mf.
For utan vektløfting er vel laget kjent for svært gode resultat i volleyball.
Vektløfting i Naustdal vart starta opp ute i fjorden av Leif Apneseth og Harald Engebø på 60 talet. Dei to var to gode representantar for sporten, Leif var uttatt til Olympiske Leiker men grunna skade kom han ikkje med.
Midt på 70 talet grov Magn og Hjalmar Nes opp nokre gamle jarn lodd i ei myr på Ospehaugen og tok til å trene løfting i veahuset. Her var da også Gunnar Reiakvam tok sine første tak i stonga. Men treninga her var noko for kald om vinteren og sidan da ikkje var nokon eigna plass i Naustdal vart Førdehuset og Førde IL tilholdsplass for vektløftarane frå Naustdal fram til 1992.
Etter ein brann i løa til Røyseth familien vart denne bygd opp att med trenings rom i gjødsel kjellaren og no vart da ein veldig oppsving på treninga i TIL. Fleire unge lovande løftarar kom til og her var eit særs godt miljø
I 2001 vart den nye Naustdalshallen opna og då flytta gruppa inn i nytt flott treningslokale dar treninga føregår i dag.
Eit av høgdepunkta i gruppa er nok når vi vant vårt andre gull i lagfinalen på Naustdal skule til full satt gym sal og kø utanfor for å sleppe inn. Etter dette kan laget skilte med 8 gull i finalen på rad 1 sølv og 1 bronse. Etter fleire kampar om gullet i den Nordiske lagfinalen lukkast da endelig å kapre da i 2002 .
I 1994 vart Odd Gunnar Røyseth og Stian Grimseth med i prosjekt Atlanta og flytta til Oslo for å satse på ei proff karriere innan løfting . Da må vel seiast at Stian lukkast best med dette da han har vore deltakar i 2 Olympiske leikar og kan skilte med gull i Europamesterskaet i 1996 og 97.
Odd Gunnar kan skilte med gull i Nordisk meisterskap og 10 plass i Em.
Håvar Røyseth har gjennom mange år vore ein sentral mann som trenar i gruppa.
Gunnar Reiakvam har oså vore trenar for dei unge og eldre gjennom fleire 10år. Han har blitt valgt inn i forbunds styre tre gongar siste periode som visepresident.
Geir Grønnevik tok over trona etter Stian ved å gå av med seieren om Kongepokalen inneverande år etter at Stian har dei 10 på rad føre dette. Pr dags data har utøvarar frå laget 22 Norske rekordar.
I 2002 vart da inngått eit nært samarbeid mellom NVF og Tambarskjelvar om toppidretts satsing. Da vart satsa friskt med trenar frå Ungaren og fleire av Norges beste løftarar flytta til Naustdal for å prøve å nå opp i internasjonal klasse. Dette vart vel ikkje heilt som forventa og trenaren reiste frå bygda utan dei store resultata.
Vi har også fleire aktive jenter og Marthe Tefre var den fyrste som tok Norsk gull av desse.
Gruppa er i høgste grad oppegåande med gode trenarar mange aktive og gode treningsforhold.